Straumprisane er høge og prognosane viser at dei blir høge framover – kva kan du gjere?
Publisert 30.09.2021

Vi leser om høge straumprisar i heile landet. Kvifor er det sånn, og kva kan du gjere?
Det er mange som trur at det er vi i Austevoll Kraftlag som styrer straumprisane, men det stemmer ikkje.
Kort fortalt så blir straumprisane styrt av vær og vind, tilbod og etterspørsel. I Norge har vi ein regulert kraftmarknad, der alt kjøp og sal blir gjort gjennom kraftbørsen Nord Pool. Her sel produsentane kraft, og straumleverandørane kjøper kraft og sel den vidare.

Når vi snakkar om høge straumprisar, så er det altså prisen på kraft på kraftbørsen som er høg.

Straumprisane varierer gjennom heile året. Etter eit år med veldig lave straumprisar i fjor, har straumprisen vore høg i heile år. I tillegg spår analytikarar at prisane kjem til å vere høge gjennom heile hausten og vinteren.

Kva kan du gjere?

Redusere forbruk = lavare straumrekning.
Klarer du å redusere straumforbruket, vil du også redusere straumrekninga.

I Norge bruker me heilt klart mest energi til oppvarming. Heile 53% av straumforbruket til ein familie som også køyrer elbil, går til oppvarming av bustaden. Det kan difor vere litt pengar å spare på oppvarming.

Her er nokre kjappe straumsparetips:

•    Senk temperaturen inne. Du sparer ca. 5% av energibruken for kvar grad du senker temperaturen. Ta heller på fleire klede enn å skru opp varmen.
•    Tidsinnstilling av varmekjeldene. Still inn varmekjeldene til å automatisk senke temperaturen når du ikkje er der.
•    Lukk dører mellom kalde og varme rom. Soverom og kjeller/bod skal ofte vere kaldare enn resten av bustaden. Dersom døra mellom desse romma og opphaldsromma står opne, forsvinn mykje av varmen. 
•    Kortare dusjar. Etter oppvarming, er det varmtvasstanken som bruker mest straum.


Klikk her for fleire gode sparetips: Sparetips

Ta gjerne kontakt med oss på tlf. 55080100, eller på mail: firmapost@aksa.no ved spørsmål.

Helsing oss i Austevoll Kraftlag, din lokale straumleverandør.