akkraft

  1. Hjem
  2. /
  3. Austevoll Kraftfond

Austevoll Kraftfond

Mange bedriftskundar ønskjer forvaltning av sine kraftinnkjøp ved at profesjonelle forvaltare foretar innkjøpet og prissikring av kraftportefølja. For å tilfredstille dette behovet har vi utvikla produktet Austevoll Kraftfond


Kva er Austevoll Kraftfond?

Austevoll Kraftfond er eit tilbod til store og mellomstore bedrifter med tilknytning til Austevoll på forvaltning av kraftforbruket. Målsettinga er å oppnå tryggleik og forutsigbarhet rundt innkjøp av kraft uten å gje frå seg moglegheita til å ta del i ein prisnedgang. Kraftforbruket vært kjøpt inn til spotpris med risikostyring. Formålet med risikostyring er å sikre kraftprisar på eit gunstig prisnivå. Forvaltarane foretar innkjøp og prissikring av kraft til porteføljen. Ut i frå forventa utvikling i marknaden vert andelen av kraftportefølja kontinuerlig vurdert.


Fordelar:

Tryggleik og forutsigbarhet rundt innkjøp av kraft.

Kunden si kraftetterspørjing vært handtert av profesjonelle forvaltarar som aktivt følgjer utviklinga i marknaden.

Kraftkjøp og prissikringar vært gjort direkte frå kraftbørsen Nord Pool.

Lokalt eigarskap til portefølja gjennom eit forvaltningsråd (ein representant frå AK og to frå kundane).

Månadsrapportar gjev god oversikt over energiforbruket.

Storkundane har eigen marknadsrådgjevar.


Historiske prisar:

Figuren syner ei oversikt over oppnådd porteføljepris for årets 3 første månader sammenlikna med spotpris og styringspris. Styringspris er ein pris som vært sett med utgangspunkt i marknadssituasjonen på det tidspunkt beslutning om å sikre for ein definert periode vært teke. Alle prisane er inklusive profilkostnad og eksklusiv påslag og offentlege avgifter.


Vilkår:

tillegg til prisen forvaltarane oppnår, kjem eit påslag på 1,35 øre/kWh + eit fastbeløp per anlegg på 20.- kroner per mnd eksklusiv mva. Nye kundar som tiltrer avtala kan liggje i ein oppstartsportefølje.


Kontraktsperiode:

Avtala gjeld inntil vidare med 12 mnd gjensidig oppseiingstid.