Du er ansvarleg for straumforbruket så lenge kundeforholdet står i ditt namn. Ved tinging og oppseiing som gjeld same anlegg, er det lurt at den som flyttar ut les av straummålaren saman med den som flyttar inn dersom målaren ikkje er fjernavlest og melder dette til oss skritleg: firmapost@aksa.no.
Austevoll Kraftlag ynskjer at alle avsluttande kundeforhold vert meldt skriftleg.
Bestilling av kraft:
For bestilling av kraft: Kraftskjema
Dersom du er ny kunde hos Austevoll Kraftlag, vil vi få ynskje deg velkomen!
Ynskjer du informasjon og søknadsskjema for kjøp av part? Ta gjerne kontakt på telefon 55 08 00 00.
Dersom du flyttar frå Austevoll Kraftlag sitt område, takkar vi for at du var kunde hos oss og ynskjer deg velkomen igjen!
Har du part i Austevoll Kraftlag må denne innløysast eller overførast dersom du ikkje lenger er kunde hos oss.
Hugs at dersom du endrar rekningsadresse må du gje oss beskjed. Ring vårt kundesenter på 55 08 01 00 eller send ein e-post til firmapost@aksa.no.